Om klubben
Husreglar for leige av Dale IL sitt klubbhus
- Ved leige av klubbhuset inngår bruk av kjøkken, HC-toalett og selskapslokale. Dersom det er behov for å ta i bruk andre rom skal dette skriftleg avtalast på førehand.
- Leigetakar er ansvarleg for at klubbhuset ikkje blir nytta på ein slik måte at omdømmet til Dale idrettslag og klubbhuset vert skada.
- Det er røykeforbud på heile idrettsanlegget, også inne i klubbhuset.
- Det er ikkje tillate å nyta alkohol. Ved særskilte høve kan det søkjast til hovudstyret om dette (send mail til [email protected]).
- Leigetakar er ansvarleg for skadar på hus og inventar ved leigetilhøvet. Dersom skader oppstår på hus eller inventar skal reparasjoner betalast på leigetakar si rekning.
- Me anbefalar leigetakar om å kontrollera hus og inventar for synlege skadar før bruk, og rapportera eventuelle funn til Dale IL ved husstyret.
- Leigetakar pliktar å sette seg inn i dei ulike instruksane som fylgjer klubbhuset; Kjøkkeninstruks, Møbleringinstruks og Branninstruks. Alle instruksar er å finne i eigen perm på kjøkkenet.
- Det skal ikkje nyttast levande lys, det finnes mange gode LED-alternativ.
- Ved avslutning av tilskipinga har leigetakar ansvar for:Alle personar er ute av husetAlle vindauger og dører er stengt og låstAlle elektriske artiklar er slått av
- Alle personar er ute av huset
- Alle vindauger og dører er stengt og låst
- Alle elektriske artiklar er slått av
- Før nøklar vert levert attende og seinast dagen etter leigetiløvet, har leigetaker ansvar for fylgjande:Kjøkken er rydda og reingjort iht eigen instruksBord og stolar er reingjort og plassert i høve møbleringsinstruksLokala er rydda og støvsugd/kostaUteareal er rydda for boss og plassert i eigna bosskontainer
- Kjøkken er rydda og reingjort iht eigen instruks
- Bord og stolar er reingjort og plassert i høve møbleringsinstruks
- Lokala er rydda og støvsugd/kosta
- Uteareal er rydda for boss og plassert i eigna bosskontainer
- Golvvask og vask av toalett er inkludert i leigeprisen. Det same er bruk av TV-skjerm og WIFI.
- Utleigar kan ved bråk og uro, eller ved klage, til ei kvar tid inspisere lokala under tilstelninga.