Del 1: Eventyret er i gang – på veg til Partille World Cup
Forfatter: Kenneth Arnesen
30. juni 2026
Eventyret er i gang – på veg til Partille World Cup
Med nye cupgensarar, store smil og mykje reisefeber vart laget sendt av garde frå Voss stasjon. Over høgtalaren kom det ei lykkehelsing til spelarane, og då var turen til Partille World Cup verkeleg i gang.
Reisa gjekk fint til Oslo, der gjengen fekk strekt litt på beina før turen gjekk vidare mot Gøteborg. Også den siste etappen gjekk utan problem, og vel framme på hotellet vart det tid til litt pingpong før laget samla seg til mat og utdeling av pass.
Bak denne turen ligg det ein enorm dugnadsinnsats. Spelarane har stått på og samla inn pengar, og saman med støtte frå lokale bedrifter har laget klart å få eigenandelen ned til 0 kroner. Det seier mykje om både innsatsen i spelargruppa og støtta laget har rundt seg heime på Voss og Dale.
Dette er første del av ei dagleg artikkelserie der me følgjer laget på tur til Partille World Cup. Gjennom turneringa kjem me til å dele små og store glimt frå reisa, kampane, samhaldet og opplevingane undervegs.
No er laget framme, gensarane er på, og eventyret i Gøteborg kan starte.
Følg laget gjennom turneringa
Me kjem med daglege oppdateringar frå Partille World Cup gjennom heile veka.
Ønskjer du å følgja kampane direkte, kan dei sjåast via den offisielle livestream-tenesta til Partille World Cup mot betaling: https://partillecup.com/en/the-livestream
Kampprogram, resultat og tabellar for laget frå Voss og Dale finn du her: https://results.partillecup.com/2026/teams/79683381