Del 4: Klare for sluttspel etter god utvikling
Forfatter: Kenneth Arnesen
02. juli 2026
Den siste dagen i gruppespelet er unnagjort, og sjølv om resultata ikkje alltid gjekk Voss og Dale sin veg, har laget teke store steg gjennom turneringa.
Frå den første kampen, der dei måtte venja seg til kunstgras og kortare baner, har utviklinga vore tydeleg. Spelet har blitt meir samspelt, tempoet høgare og tryggleiken større for kvar kamp. I dei siste oppgjera fekk gutane vist mykje av det dei har jobba med, og innsatsen har vore upåklageleg frå første til siste minutt..
No er gruppespelet ferdig, og innsatsen har sikra laget plass i C-sluttspelet.
Fredag ventar 1/16-finale mot det danske laget Öresund Håndbold. Kampen blir spela på Kviberg 17 med avkast klokka 14.25. Med utviklinga laget har vist dei siste dagane, er det all grunn til å tru at gutane kan gi danskane kamp om avansement.
Skulle Voss og Dale vinna oppgjeret, ventar det ny kamp allereie same ettermiddag. Då står ein plass i 1/8-finalen på spel, med kampstart klokka 16.10 på Kviberg 15.
Me ønskjer gutane lukke til i sluttspelkampane!