[email protected]


Logo
Bli medlem
Varsling

Del 2: Fyrste kampdag og ei uforgløymeleg opningsfest

Forfatter: Kenneth Arnesen

01. juli 2026

Klubb
Håndball
News article image

Del 2: Fyrste kampdag og ei uforgløymeleg opningsfest

Custom image

Etter ein roleg første dag i Gøteborg var det tysdag endeleg klart for det som alle hadde venta på – dei første kampane i Partille World Cup.

For gutane frå Voss og Dale vart det raskt tydeleg at dette er noko heilt anna enn det dei er vane med heime. Kampane blir spela på kunstgras, og banene er kortare enn ein ordinær handballbane. Det gav ei uvant oppleving og kravde litt tid å tilpassa seg.

Samtidig venta det god motstand frå første avkast. Laget møtte ein sterk motstandar som utnytta dei uvande forholda godt, og sjølv om resultatet ikkje gjekk vegen denne gongen, fekk gutane verdifull erfaring med seg vidare. Det er nettopp slike kampar som gjer at ein utviklar seg gjennom turneringa.

Etter kampen var det tid for å leggja handballen litt til side og ta del i noko av det mest spesielle med Partille World Cup – opningsfesten i Scandinavium.

Meir enn ti tusen deltakarar frå 36 nasjonar fylte arenaen med flagg, musikk, dans og jubel. Stemninga var elektrisk då lag frå heile verda marsjerte inn, og kvelden vart ei markering av fellesskap, vennskap og gleda ved handball. Mange samanliknar opningsseremonien med ei olympisk opning, og det er lett å forstå kvifor.

No ventar nye kampar og nye moglegheiter. Erfaringane frå første kamp er tekne med vidare, og laget ser fram til resten av turneringa.

Custom image